fredag 23. desember 2011

Home for christmas

Eg er heima. I alle fall den plassen eg kaller "heim", sjølv om eg til tider både er litt rotlaus og rastlaus. Eg er komt tilbake til Bømlo og skal feira jul. Den største forskjellen er foreløbig temperaturen - føttene brenner ikkje lengre av å gå barbeint på bakken og alt av materialer eg tar i kjennes kaldt. Det var likevel godt å komma heim til familie og godt å kjenna at eg skal feira jul her.

Eg reiste frå Dar Es Salam kvelden 21. desember, mellomlanda i Amsterdam og landa i tåka i Bergen midt på dagen, 22. desember. Eg hadde ikkje tilgong på det norske simkortet mitt, så utan mobil var det litt vanskeleg å få signalisert heim når og kor eg skulle hentast. På båten sørover fekk eg signalisert mitt nødrop gjennom facebook ettersom eg hadde internett ei lita stund. Eg la ut nummeret til mora mi og håpa nokon kunne ringa ho for meg. Då eg gjekk av båten var det ingen bil som venta på meg, men etter nokre minutt kom den blå Peugeot'en. Nokon hadde videreformidla beskjeden - og leng leve jungeltelegrafen :)

Eg har fått litt tid til å tenka og tid til å fortella, og eg er veldig glad for alt eg har fått oppleva. Eg tenker mykje på alt som har skjedd. Sjølv om eg hadde vore i Afrika før, har eg likevel fått mange nye spor i meg. Spor etter menneska som blei mine nye venner, skjebnene som opna liva sine, alle dei vansklege situasjonane eg har sett og kulturen og levemåten. Det er ikkje berre at eg har levd på loff i tre månadar og at eg no får både salat og grovbrød som er forskjellen. Eg har budd på hotell i dei tre månadane samtidig som eg har sett kor lite mange i landsbyen utanfor hadde. Eg har levd i ein enormt kontrastrik kvardag der eg stadig har måtta forholda meg til etiske dilemma og blitt utfordra på mine eigne holdningar og handlingar. No eg er tilbake i Noreg der det er sjølvsagt at alle får presangar til jul. Det var faktisk ein samtale, eg og to av dei andre studentane hadde med ein av arbeidararne me blei venn med, der akkurat det med julepresangar kom opp. Me snakka om korleis me feirer jul, der vår venn fortalte han måtte jobbe i jula og dermed ikkje fekk feira jul med familien han ikkje hadde sett på over eit år. Han skulle feira med å gå på kveldsgudstjeneste og ikkje noko ekstra mat eller andre ting. Ei av dei andre studentane fortalte korleis me feirer jul i Noreg - om mykje god julemat, at familien alltid er samla, gudstjeneste, juletre, julesangar - og presangar. Då blei eg ærlig talt litt flau. Ikkje berre var vår jul perfekt - me har til og med penger til å gi kvarandre presangar! For me har det så mykje betre enn me veit. Me veit jo at Noreg er eit av verdas rikaste land, men har me tenkt på at meir enn halvparten av kloden vil sjå på kvar nordmann som ein mangemillionær? Penger er makt, og med stor makt følger stort ansvar.

Eg har så mange tankar. Eg har lært så mykje. Eg har sett så mykje - både positivt og negativt. Eg vil gleda meg over alt eg har, for det er ei velsigning. Og forstå meg rett - julepresangane kan også vera ei velsigning. Samtidig er eg glad for at bagasjen min inneheld litt annleis erfaringar, sjølv om dette også er vanskeleg. Eg er komen heim frå Afrika til Noregs mest materialistiske tid der det potensielle, omvendte kultursjokket er stort. Difor er det godt er har vore på liknande reiser før.

Livet i Afrika kjennes som ein anna verd enn livet i Noreg. Og eg liker det. Sjølv om eg bestemte meg for å ikkje reisa ned igjen etter jul, som eg hadde tilbod om, veit eg at eg reiser tilbake. Eg veit ikkje når, og eg veit ikkje kva land, men Afrika kaller. Det har blitt ein for stor del av meg til at eg klarer å leva eit A4-liv i Noreg. Eg har heldigvis lært noko om viktigheita av å ikkje gløyme verken den eine eller andre kulturen for å kunne dra nytte av erfaringane.

Dette er det siste blogginnlegget mitt og eg takker for lesarane mine og mange gode tilbakemeldingar.

Det var noen hyrder der på stedet som var ute på marken
og holdt nattevakt over sin hjord.
Og se, en Herrens engel stod hos dem,
og Herrens herlighet lyste om dem. Og de ble meget forferdet.
Men engelen sa til dem: Frykt ikke! For se,
jeg forkynner dere en stor glede - en glede for alt folket.
I dag er det født dere en frelser,
som er Messias, Herren - i Davids stad.
Og dette skal dere ha til tegn: Dere skal finne et barn som er svøpt
og ligger i en krybbe.
Og med ett var det sammen med engelen
en himmels hærskare, som lovpriste Gud og sa:
Ære være Gud i det høyeste, og fred på jorden,
i mennsker Guds velbehag.

1 kommentar:

  1. God Jul Martha! :) Trudde eg skreiv en kommentar på ditt forrige innlegg, men ser det ikke att ;) Spennende det du skriver, forstår at du har litt å tenke på og fordøye nå. Viktig det der med at stor makt gir mye ansvar. Håper vi tar dette ansvaret. Eg er glad du er i krsand til våren og ser fren til me snakkes.

    Klem fra Marie

    SvarSlett