fredag 9. desember 2011

Heilt ferdig med praksis som sjukepleiarstudent

I dag har eg hatt siste dag på sjukehuset. Siste praksisdag var eigentleg i går, men i dag ville eg, Odbjørg og Janne vera på fødeavdelinga som avslutning på praksis. Dei andre seks studentane frå UiA er reist til Zanzibar i dag. Me tre som er igjen reiser på søndag. Det vil faktisk sei eg har juleferie i dag, og eg vil oppsummera litt av erfaringane eg har hatt frå praksis.


1. veka: swahili-kurs og bli-kjent
2. og 3. veka: helsesjekk på ein barneskule
4. og 5. veka: CTC og mor-barn-klinikk
6. veka: Tanga Aids Working Group
7. veka: Nanyogie (masailandsby)
8. veka: Lutindi (mentalsjukehus)
9. og 10. veka: Psykisk helsearbeid på heimebesøk
11. og 12. veka: Zanzibar (har innarbeida to veker fri på slutten)


Når eg tenker gjennom kva som har vore det kjekkaste, har eg i grunn likt det meste. Til tider har eg kjent det har vore for mykje venting og for mykje observasjon i forhold til å få gjort ting sjølv. Likevel har eg opplevd så utruleg mykje forskjellig og fått erfaringar eg aldri hadde fått i Noreg.


Helsesjekken på barneskulen i byrjinga er eg stolt over å ha vore med på. Dette er eit initiativ av TICC der alle ungane (rundt 800 elevar) fekk gratis helsesjekk og oppfølging. Dette er verkeleg ein plass me har utført mykje og som har gjort godt for landsbygdene omkring. I Nanyogie opplevde me Afrika på sitt beste – masse kultur! - og hadde ein kjempefin praksis. Det var ein liten klinikk der ein av to arbeidarar var ein lege som tok seg av nesten alt som kom inn: malaria, brukket ribbein, gravide, abscess i ryggen, depresjon osv. Dette var superspennande og lærerikt. Lutindi var flott fordi me endeleg fekk meir pasientkontakt og kunne snakka med pasientane sjølv. Me fekk snakka med pasientar som kunne engelsk og fekk eit innblikk i både sjukdommen, behandlinga og deira eigne tankar om kvifor og korleis dei hadde havna på mentalsjukehuset. Utruleg givande og spennande. Dei to siste vekene skulle me ha valgfri praksis, men dei er som sagt innarbeida tidlegare for å kunna reisa til Zanzibar. To av dei dagane har gått til fødeavdeling, noko eg synes er fantastisk spennande ettersom eg har tenkt ein del på å bli jordmor.


I dag var eg på fødeavdeling, og eg må berre dela ein liten bit derifrå. Då me kom var det heilt stille på avdelinga og ingen låg klar til å føda. Me var difor i rommet der dei som allereie hadde født var, og eg såg ein baby som låg aleine i ei vaksenseng. Eg gjekk bort og såg til han, og mora kom etter kort tid. Ho kunne ikkje engelsk, men me snakka litt, og eg spurte kva bornet skulle heite. Ho hadde ikkje funnet namn til guten, så ho sa ho ville eg skulle finne eit namn til han! Først tenkte eg på Kristian (bror min heiter det), men eg tenkte det kanskje blei eit litt dumt namn i tilfelle dei var muslimar. Eg valgte difor eit anna namn, så då blei det Daniel :) Dette var gøy!


Eg er kjempeglad for at eg reiste i praksis til Tanzania. Heimesjukepleie- og psykiatri-praksisen hadde på ingen måte vore det samme heime. I tillegg var eg svært sliten då eg drog, så at eg fekk komma ein heilt ny plass og ha ein heilt anna kvardag – det hadde eg behov for. No er ting mykje betre, men eg er likvel glad for Zanzibar-ferien no på slutten som vil lada opp toppen av batteria. Eg gleder meg både til Zanzibar, til å komma heim til jul og til å komma tilbake til Kristiansand.


I dag skal eg levera inn ei oppgåve om Global helse og pakke ferdig. I morgon skal eg og dei to andre igjen her henga med ein av dei som jobber her (samme som eg var i kyrkja med). På kvelden skal me kanskje på filmfestilval med vår tidlegare swahililærar som også har lagt fleire filmar. Og på søndag reiser me jo til Zanzibar. Eg veit forresten ikkje kor mykje blogging det blir på Zanzibar ettersom det ikkje er internett på romma.
Masaiflettene mine tok eg ut denne veka.

Eg klatrer i mnazi (kokkusnøtt-palme) med tau mellom føttene.

1 kommentar:

  1. Fantastisk Martha! Du har ikkje vert redd for å prøve nye ting, du har vert nysjerrig og du har jammen fått oppleve mye! Du får lage ei minnebok frå denne spennande tidå. God tur te Zanzibar. Kvil og samle krefter, samt opplev Zanzibar. Vi gleder oss til du komme heim te jul. Nådde du forresten heilt opp te kokkusnøttene? Blei du ikkje såre under føtene? Klem mamma

    SvarSlett