fredag 23. desember 2011

Home for christmas

Eg er heima. I alle fall den plassen eg kaller "heim", sjølv om eg til tider både er litt rotlaus og rastlaus. Eg er komt tilbake til Bømlo og skal feira jul. Den største forskjellen er foreløbig temperaturen - føttene brenner ikkje lengre av å gå barbeint på bakken og alt av materialer eg tar i kjennes kaldt. Det var likevel godt å komma heim til familie og godt å kjenna at eg skal feira jul her.

Eg reiste frå Dar Es Salam kvelden 21. desember, mellomlanda i Amsterdam og landa i tåka i Bergen midt på dagen, 22. desember. Eg hadde ikkje tilgong på det norske simkortet mitt, så utan mobil var det litt vanskeleg å få signalisert heim når og kor eg skulle hentast. På båten sørover fekk eg signalisert mitt nødrop gjennom facebook ettersom eg hadde internett ei lita stund. Eg la ut nummeret til mora mi og håpa nokon kunne ringa ho for meg. Då eg gjekk av båten var det ingen bil som venta på meg, men etter nokre minutt kom den blå Peugeot'en. Nokon hadde videreformidla beskjeden - og leng leve jungeltelegrafen :)

Eg har fått litt tid til å tenka og tid til å fortella, og eg er veldig glad for alt eg har fått oppleva. Eg tenker mykje på alt som har skjedd. Sjølv om eg hadde vore i Afrika før, har eg likevel fått mange nye spor i meg. Spor etter menneska som blei mine nye venner, skjebnene som opna liva sine, alle dei vansklege situasjonane eg har sett og kulturen og levemåten. Det er ikkje berre at eg har levd på loff i tre månadar og at eg no får både salat og grovbrød som er forskjellen. Eg har budd på hotell i dei tre månadane samtidig som eg har sett kor lite mange i landsbyen utanfor hadde. Eg har levd i ein enormt kontrastrik kvardag der eg stadig har måtta forholda meg til etiske dilemma og blitt utfordra på mine eigne holdningar og handlingar. No eg er tilbake i Noreg der det er sjølvsagt at alle får presangar til jul. Det var faktisk ein samtale, eg og to av dei andre studentane hadde med ein av arbeidararne me blei venn med, der akkurat det med julepresangar kom opp. Me snakka om korleis me feirer jul, der vår venn fortalte han måtte jobbe i jula og dermed ikkje fekk feira jul med familien han ikkje hadde sett på over eit år. Han skulle feira med å gå på kveldsgudstjeneste og ikkje noko ekstra mat eller andre ting. Ei av dei andre studentane fortalte korleis me feirer jul i Noreg - om mykje god julemat, at familien alltid er samla, gudstjeneste, juletre, julesangar - og presangar. Då blei eg ærlig talt litt flau. Ikkje berre var vår jul perfekt - me har til og med penger til å gi kvarandre presangar! For me har det så mykje betre enn me veit. Me veit jo at Noreg er eit av verdas rikaste land, men har me tenkt på at meir enn halvparten av kloden vil sjå på kvar nordmann som ein mangemillionær? Penger er makt, og med stor makt følger stort ansvar.

Eg har så mange tankar. Eg har lært så mykje. Eg har sett så mykje - både positivt og negativt. Eg vil gleda meg over alt eg har, for det er ei velsigning. Og forstå meg rett - julepresangane kan også vera ei velsigning. Samtidig er eg glad for at bagasjen min inneheld litt annleis erfaringar, sjølv om dette også er vanskeleg. Eg er komen heim frå Afrika til Noregs mest materialistiske tid der det potensielle, omvendte kultursjokket er stort. Difor er det godt er har vore på liknande reiser før.

Livet i Afrika kjennes som ein anna verd enn livet i Noreg. Og eg liker det. Sjølv om eg bestemte meg for å ikkje reisa ned igjen etter jul, som eg hadde tilbod om, veit eg at eg reiser tilbake. Eg veit ikkje når, og eg veit ikkje kva land, men Afrika kaller. Det har blitt ein for stor del av meg til at eg klarer å leva eit A4-liv i Noreg. Eg har heldigvis lært noko om viktigheita av å ikkje gløyme verken den eine eller andre kulturen for å kunne dra nytte av erfaringane.

Dette er det siste blogginnlegget mitt og eg takker for lesarane mine og mange gode tilbakemeldingar.

Det var noen hyrder der på stedet som var ute på marken
og holdt nattevakt over sin hjord.
Og se, en Herrens engel stod hos dem,
og Herrens herlighet lyste om dem. Og de ble meget forferdet.
Men engelen sa til dem: Frykt ikke! For se,
jeg forkynner dere en stor glede - en glede for alt folket.
I dag er det født dere en frelser,
som er Messias, Herren - i Davids stad.
Og dette skal dere ha til tegn: Dere skal finne et barn som er svøpt
og ligger i en krybbe.
Og med ett var det sammen med engelen
en himmels hærskare, som lovpriste Gud og sa:
Ære være Gud i det høyeste, og fred på jorden,
i mennsker Guds velbehag.

tirsdag 20. desember 2011

TICC – Tanga International Competence (tidleare Conference) Center

TICC er drevet av norske Ruth og mannen hennar, Odd. Ruth, eller Mama Ruthi som dei kallar ho i tanzanianarane kallar ho, er utdanna sjukepleiar men jobber som konsulent no. Det er ho som har vore vegleiaren vår her i praksis. 3-4 veker i året jobber ho i Noreg for å tjene nok penger til å leve i Afrika. Arbeidet som blir gjort i Tanga er kjempeflott, og eg vil fortella litt meir om plassen eg har budd på sidan slutten av september.

I periodar bur det mange studentar der og dette er eigentleg ein del av inntekta til TICC, samtidig som dei har sponsorar. I tillegg blir det bruka som hotell med restaurant. Det er ulike studentgrupper ute, både sjukepleiarar, barnevernspedagogar, sosionomar og jordmødre. Alle desse gruppene blir bruka i samfunnsarbeidet i landsbyane rundt om her, og det blir koordinert slik at ulike studentgrupper kan jobba med ulike problem hjå samme pasientar. Me følger dei opp på alle dei områda dei ulike gruppene har kompetanse på. TICC har starta Tanga Aids Working Group (der eg har vore i praksis), har oppretta tre familieheimar (ein slags barneheim), har hjulpet i gang ei mikrofinansgruppe, har over 200 sponsorborn og jobber med helse og samfunnet generelt. Den skulen eg var på i forbinding med helsesjekken er valgt ut for å hjelpa den opp frå dårlege resultat. Det er TICC som dermed har gitt alle ungane der gratis helsesjekk og oppfølging, samt ei gratis banan til dei 800 elevane kvar dag. Resultatet av helsesjekken viste mange problemområder å ta tak i og målet er å gjera skulen til den beste i distriktet. Slik kan ein hjelpa mange av landsbygdene rundt her, samtidig som ein blir eit førebilete for andre skular. Eg har bitt meg merke i to ting Ruth, med sin store erfaring og kompetanse, har fortalt anngåande samfunnsarbeidet ho gjer:

(1)Hennar tre prinsipp for korleis ho jobber er 1) alle mennesker har ein eigenverdi i seg sjølv, 2) likbyrdig dela erfaringar og la den andre (svakaste) part dela først og 3) minska maktforholdet mest mogleg. I tillegg må alle tre vera til stades for at ein skal kunna klara arbeidet.

(2) Å ha ein fot i kvar kultur. Å tilhøyra ein kultur betyr også at ein har visse tankesett ein ofte ikkje er klar over. Dette kan vera haldningar og måter å oppføra seg på. Dersom ein bur lenge i ein anna kultur blir ein gjerne integrert i både positive og negative sider. Ruth kjem uta nfrå og ønsker å gjera ein forskjell. For at ho skal klara det må ho ha med seg kunnskap og erfaringar utanfrå for at det skal utgjera ein forskjell. Sjølv har ho fortalt det er heilt nødvendig for ho å vera oppdatert på arbeidet både i Noreg og her i Tanzania, og dermed ha kunnskap om begge kulturar og arbeidet der, for at ho skal kunna gjera den jobben ho gjer.

For meg som trives på reisefot og kan tenka meg å arbeida i utlandet var det veldig inspirerande å høyra om hennar erfaringar. Kva framtida bringer veit kun Gud.
Eg må også føya til at TICC treng den støtten dei kan få i det fantastiske arbeidet som blir gjort der. Dersom du ønsker å bidra kan du søka opp Tanga International Conference Center (eller Tanga International Competence Center som det no har bytta namn til) og finna både meir informasjon og eit kontonummer der, eller spørja meg.

Eg har vore ei veke på Zanzibar nettopp, og her er nokre få bileter der i frå.
Småfly frå Tanga til Zanzibar.
Volleyball på stranda.






fredag 9. desember 2011

Heilt ferdig med praksis som sjukepleiarstudent

I dag har eg hatt siste dag på sjukehuset. Siste praksisdag var eigentleg i går, men i dag ville eg, Odbjørg og Janne vera på fødeavdelinga som avslutning på praksis. Dei andre seks studentane frå UiA er reist til Zanzibar i dag. Me tre som er igjen reiser på søndag. Det vil faktisk sei eg har juleferie i dag, og eg vil oppsummera litt av erfaringane eg har hatt frå praksis.


1. veka: swahili-kurs og bli-kjent
2. og 3. veka: helsesjekk på ein barneskule
4. og 5. veka: CTC og mor-barn-klinikk
6. veka: Tanga Aids Working Group
7. veka: Nanyogie (masailandsby)
8. veka: Lutindi (mentalsjukehus)
9. og 10. veka: Psykisk helsearbeid på heimebesøk
11. og 12. veka: Zanzibar (har innarbeida to veker fri på slutten)


Når eg tenker gjennom kva som har vore det kjekkaste, har eg i grunn likt det meste. Til tider har eg kjent det har vore for mykje venting og for mykje observasjon i forhold til å få gjort ting sjølv. Likevel har eg opplevd så utruleg mykje forskjellig og fått erfaringar eg aldri hadde fått i Noreg.


Helsesjekken på barneskulen i byrjinga er eg stolt over å ha vore med på. Dette er eit initiativ av TICC der alle ungane (rundt 800 elevar) fekk gratis helsesjekk og oppfølging. Dette er verkeleg ein plass me har utført mykje og som har gjort godt for landsbygdene omkring. I Nanyogie opplevde me Afrika på sitt beste – masse kultur! - og hadde ein kjempefin praksis. Det var ein liten klinikk der ein av to arbeidarar var ein lege som tok seg av nesten alt som kom inn: malaria, brukket ribbein, gravide, abscess i ryggen, depresjon osv. Dette var superspennande og lærerikt. Lutindi var flott fordi me endeleg fekk meir pasientkontakt og kunne snakka med pasientane sjølv. Me fekk snakka med pasientar som kunne engelsk og fekk eit innblikk i både sjukdommen, behandlinga og deira eigne tankar om kvifor og korleis dei hadde havna på mentalsjukehuset. Utruleg givande og spennande. Dei to siste vekene skulle me ha valgfri praksis, men dei er som sagt innarbeida tidlegare for å kunna reisa til Zanzibar. To av dei dagane har gått til fødeavdeling, noko eg synes er fantastisk spennande ettersom eg har tenkt ein del på å bli jordmor.


I dag var eg på fødeavdeling, og eg må berre dela ein liten bit derifrå. Då me kom var det heilt stille på avdelinga og ingen låg klar til å føda. Me var difor i rommet der dei som allereie hadde født var, og eg såg ein baby som låg aleine i ei vaksenseng. Eg gjekk bort og såg til han, og mora kom etter kort tid. Ho kunne ikkje engelsk, men me snakka litt, og eg spurte kva bornet skulle heite. Ho hadde ikkje funnet namn til guten, så ho sa ho ville eg skulle finne eit namn til han! Først tenkte eg på Kristian (bror min heiter det), men eg tenkte det kanskje blei eit litt dumt namn i tilfelle dei var muslimar. Eg valgte difor eit anna namn, så då blei det Daniel :) Dette var gøy!


Eg er kjempeglad for at eg reiste i praksis til Tanzania. Heimesjukepleie- og psykiatri-praksisen hadde på ingen måte vore det samme heime. I tillegg var eg svært sliten då eg drog, så at eg fekk komma ein heilt ny plass og ha ein heilt anna kvardag – det hadde eg behov for. No er ting mykje betre, men eg er likvel glad for Zanzibar-ferien no på slutten som vil lada opp toppen av batteria. Eg gleder meg både til Zanzibar, til å komma heim til jul og til å komma tilbake til Kristiansand.


I dag skal eg levera inn ei oppgåve om Global helse og pakke ferdig. I morgon skal eg og dei to andre igjen her henga med ein av dei som jobber her (samme som eg var i kyrkja med). På kvelden skal me kanskje på filmfestilval med vår tidlegare swahililærar som også har lagt fleire filmar. Og på søndag reiser me jo til Zanzibar. Eg veit forresten ikkje kor mykje blogging det blir på Zanzibar ettersom det ikkje er internett på romma.
Masaiflettene mine tok eg ut denne veka.

Eg klatrer i mnazi (kokkusnøtt-palme) med tau mellom føttene.

torsdag 1. desember 2011

Dagane går...

Tida flyr i frå meg, og eg veit at kvar daq må nytast til det fulle. (Det bør jo kvar dag uansett, men mange ganger gløymer ein det). I dag har eg kun 8 dagar igjen på TICC. 8 dagar! Eg er ferdig med praksis neste torsdag og på søndagen (11.12) reiser eg til Zanzibar. Me har jobba inn nokre dagar så me får ein fin ferie før me reiser heim den 21.12.

Eg har vore på Lutindi, eit mentalsjukehus, i fem dagar for praksis, der eg hadde det veldig fint. Det var eit bra sjukehus eg har mykje godt å seie om. Ein av pasientane fekk eg snakka meir med enn dei andre, og eg merker ein blir fort engasjert i livet til folk ein treffer. Han eg traff var inne pga misbruk av cannabis og medan eg veva meg ei dørmatte der han kunne hjelpa med den kunnskapen han hadde om det, fekk eg vita alt eg kom på å spør om. Pasienten var 25 år og hadde misbrukt cannabis i 12 år. Han kunne ikkje hugsa korleis han starta med det, men det var mest dei to siste åra han hadde fått problem. Det var eigentleg ein smart mann, stilte bra spørsmål om Noreg og økonomi, og hadde byrja på universitetsutdanning. Det var synd å sjå han hadde rota seg borti ting som verkeleg kan øydelegga liv, men likevel såg eg håp. Ein dag hadde han blitt dopa ned og frakta til sjukehuset der eg no har jobba nokre dagar. Då eg traff han hadde han vore der i ca. to mnd og han var glad han var der. Han visste han ikkje kunne fortsetta å vera med dei samme vennene han hadde bruka å vera med for at han skulle klara å la vera og byrja att etter at han kom heim att. Han ønska å fortsetta med studiene og kanskje flytta til andre slektningar for å få eit nytt miljø. Den dagen me reiste frå Lutindi, ville me sei hade til alle pasientane me hadde fått litt ekstra kontakt med. Ein ting som gjorde det trist var at me måtte bli låst inn i bakgården. Plutseleg var dei som fangar.. I tillegg blei det trist fordi eg har høyrt historiane til mange av dei. Eg veit at livet ikkje er lett for alle. Eg veit at nokon får det enda vansklegare når dei kjem heim. Kanskje dei ikkje klarer seg så bra som me snakka om. Heldigvis kom ikkje tårene før eg var ute fra luftegården deira. Og heldigvis kjem til å gå bra med nokon av dei.

I dag har eg sett eit dukketeater i barnehagen, vore på CHRISC-trening (samme som KRIK i Noreg) og gått på line. Ein super dag. I morgon skal eg i kyrkja med ein av dei som jobber her. Ellers må eg sei eg har bestemt meg for å bli i Kristiansand neste semester. Eg fekk moglegheita til å reisa tilbake for tre nye mnd etter jul for å skriva bachelorprosjektet her, men no har eg akkurat takka nei. Eg hadde ganske lyst, men no vil eg heller vera i Kristiansand og gleder meg veldig til det. Men som sagt - kvar dag er verdt å vera glad for.


Må beklaga for seint blogginnlegg, men har vore uten skikkelig internett to veker no.

torsdag 24. november 2011

Små historier og bilder. Blodig alvor og latter.

Opplevelsane tar aldri slutt. Det er på eit vis ein kvardag her, men det er alltid nye ting å sjå, nye ting å finna på og nye ting å læra. Det kjem berre ann på anntal timar eg har å bruka og kor mykje krefter eg har. Når det gjeld praksis byrja me på Tanga Aids Working Group etter Nanyogie-turen der me reiste heim til pasientane for å følga med på korleis dei hadde det. Me gav ingen fysisk pleie, det blei me fortalt dei frivillige pleide å gjera. Me kom på besøk og fekk snakka med pasientane, fekk stilla spørsmål, hovudsakleg via tolk og fekk eit litt meir realistisk innblikk i kvardagen HIV-pasientane me møtte. Godt å sjå at nokon lever eit bra liv til tross for ein slik diagnose. I tillegg er det trist å sjå dei som ikkje har det så lett, dei som må streva litt meir.

Me møtte ei ung jente, kanskje 17 år, der me fekk snakka med ho om sjukdommen og korleis ho hadde det. Ho fortalte ho ikkje hadde opplevd noko stigma rundt det å ha HIV. Då eg på slutten spurte på swahili om ho hadde nokon spørsmål til oss, ettersom me hadde spurt ho mange spørsmål, kom spørsmålet: "Kan de gje meg penger så eg kan ta noko meir på skulen?" Eg kjende eg angra på spørsmålet mitt, men forklarte så fint eg kunne at me har mange reglar om kva me har lov til når det gjeld å gje pengar. Eg sa difor nei så fint eg kunne, og ho smilte like fint likevel.

Ein anna pasient me traff, traff me faktisk to gongar på nokre få dagar. Det var ein mann eg anntar var i femti-åra og som ikkje kunne gå skikkeleg fordi leggane og føttene hans ikkje var friske. Enten krøyp han på fire, eller så gjekk han på knea. Han hadde rullestol, men den var ikkje i orden. Me kom på besøk fordi han var ein av HIV-pasientane me skulle følga opp, og me fekk snakka ein del med han. Han spurte om me kunne betala for at han skulle få sjekka CD4-nivået sitt. Det er noko ein måler i blodet som fortel korleis HIV-sjukdommen har utvikla seg og korleis immunforsvaret er. Dei tre plassane ein kunne sjekka CD4 nivået regionalt her i Tanga var ikkje i bruk fordi maskina var øydelagt. Difor måtte mannen til eit privat sjukehus, og det hadde han ikkje råd til. Igjen forklarte eg så fint eg kunne om reglane me har for å gje pengar (det er jo mange som spør og trenger og det er bedre å gje ting som trengs, enn pengar... osv...). Eg synes ikkje det er veldig enkelt å svara nei på denne måten, men samtidig, om ein kjenner ein må, så får ein jo gjort det. Denne mannen reagerte likevel på ein måte som forundra meg. "Det har eg stor forståing for, eg skjønar kva du seier" og fortsatte med "eg har det veldig bra". Korleis får ein mann i hans situasjon ein slik holdning til livet? I mine auger såg ikkje livet hans så bra ut, men han hadde i alle fall gode ting som holdt han oppe og naboar og venner som hjalp han. "Eg takkar Gud", avslutta han med.

Ellers har eg vore på føden ein dag. Det har kome to jordmorstudentar hit for sin siste praksis, og eg var ein av dei som fekk vera med ein dag. Superspennande! Me fekk kun med oss ein fødsel, men det er også den einaste eg har sett in real life. Det var ingen lett fødsel, for den unge dama på rundt 16 såg ut til å ikkje ha fått så mykje informasjon på førehand, og reagerte sjølvsaggt deretter. Eg var hjå ei anna dame då eg fekk høyra at det no var ein fødsel i gong på den andre stova, og fekk då lov å komma over dit å sjå. Det var då samme jenta eg hadde høyrt gjennom to veggar, og eg fekk gå å sjå omtrent alt som skjedde. Spenninga var høg då me såg meir og meir av hovudet, og då dei lurte på om dei måtte kutte opp for å få ungen ut, kom resten av kroppen. Ungen var slapp og blåkvit. Ingen lyd. Ei av jordmødrene sprang bort til eit bord for å legge ungen ned og få liv i han. Det var forresten ein gut. Ho var kjapp i rørslene og jobba fort. Løfta på armer og bein, men dei var heilt slappe og datt rett ned. Eg stod anspent i nærleiken, og kjende eg fekk tårer i augene. Eg syntes ikkje det såg ut som det gjekk noko bra. Tenkom mora skulle måtta gå gjennom ein så traumatisk fødsel, for så i tillegg til å mista barnet? Jordmora fortsatte og måtte bagga (blåsa luft inn som ved gjennoppliving), og likvel var det ingen respons. Til slutt kom det ei gåande med eit sug (for å få opp slim som kune hindre luftvegen hjå babyen). Til slutt fekk me sjå litt liv i ungen. Då var klokka så mykje at me berre måtte gå, så det einaste me fekk vita var at barnet i alle fall overlevde ettermiddagen.

Denne veka starta med sjukefråvær, men eg har ellers også fått starta i psykiatrien. I morgon reiser eg opp til eit mentalt sjukehus der me skal verai fem dagar (forresten ingen internett der). Nedanfor har først bilder frå gårdsdagen der eg opplevde ein dusj som var tett, vatnet steig og det kom opp tre froskar frå sluken. Ettesom vatnet blei høgare blei den eine frosken svømmande rundt i vatnet eg stod i. I tillegg forsvant lyset, og då hadde eg jo plutseleg ikkje kontroll på dei lengre. Etter dusjen fekk eg tak i ein for å få dokumentert korleis det ser ut. Er den ikkje fin i fargen?








Ja, dei lever ikkje berre i dusjane våre. Dette er vasken utanfor restauranten. Her bur det tre som kjem opp når me vasker henden.





I tillegg ville eg ha med to bilder frå masai-dansinga. Dette er frå dansinga på TICC der masaiane har skikkeleg opppvising, men der det alltid også er jenter som får prøva. Her er ein gang eg prøvde meg på skuldervrikkinga. Masaine syng, hopper fram og hyler, og jenten må gå fram og dansa. Virkelig ei oppleving.






Ikkje så enkelt å dansa med skuldrene, men eit forsøk var det verdt :) Her i veldig konsentrasjon.

søndag 20. november 2011

Ein kort oppdatering

Ja, no er det ei heil veke sidan sist blogginnlegg. Eg har i grunn møkje eg kunne fortalt, men det får vente litt til. I dagmorres vakna eg opp med feber, hovudverk og vondt i halsen og difor måtte eg bli heime denne søndagen også. Eg har lenge hatt lyst til å gå på gudstjeneste her, men også i dag skjedde det noko som holdt meg heime. No er me over halvvegs her, og det merkes at tida går fort.

søndag 13. november 2011

Masai-landsbyen Nanyogie

Denne veka reiste eg opp til Nanyogie, ein masailandsby, tre timar med buss mot Moshi. Planen var å først ta daladala til byen, så lokal buss, for deretter å bli henta av ein bil som skulle kjøra oss inn til landsbyen. Det var meg, fem andre norske sjukepleiarstudentar, ein av masaiane her frå TICC (Mathayo som skulle heim på ferie) og ei masaijente (Margaret) som bur her i byen som skulle vera guiden vår. Då me gjekk av bussen fekk eg beskjed av Mathayo og Margaret at eg måtte kjøpa olja før me reiste vidare. Dei klarte ikkje å forklara kvifor eg skulle kjøpa det, og eg kjende eg blei litt irritert fordi eg måtte legga ut for noko ingen av oss visste på førehand me "måtte" ha. Medan eg stod utanfor ei bod saman med Mathayo og Margaret for å kjøpa denne olja, kjørte bilen med dei andre norske av gårde. Eg antok dei kun skulle kjøra rett rundt hjørnet av bygningen, men då olja var betalt, var det ingen bil der. Ei lita stund kjende eg meg litt forlatt - aleine, kvit, jente - på ein ny plass med folk rundt meg som kikka nok til at eg forstod det ikkje var så ofte kvite på besøk. Mathayo fortalte bilen hadde kjørt og at me måtte ta ein anna bil. Deretter kom han på det engelske ordet for motorsykkel og sa me måtte ta ein slik i staden for. Så eg senka skuldrene, venta på pikipikien (motorsykkelen), og tok kikka tilbake på folka som kikka på meg. Medan eg skulle kjøpa denne olja, hadde eg forresten ei kulturoppleving som fortalte meg eg var ein ny plass og blandt ei ny gruppe folk eg ikkje hadde erfaring med. Då me gjekk bortover veien, eg og Margaret, traff ho på kjentsfolk, ein eldre mann, og helsa med å bøya hovudet for at mannen skulle ta ho på hovudet. "Hmm, det har eg aldri sett før". Litt usikker, bøyde eg hovudet eg og, men berre halvegs, for å kikka litt opp samtidig for å sjekka om eg oppførte meg som blei forventa av meg. Det endte med at eg bøyde overkroppen, kikka opp, og tok mannen i handa i staden for - med eit litt fjålsete smil :) Ein kan ikkje vita alt om kulturar før ein har opplevd dei!



I alle fall, pikipikien (motorsykkelen) kom, og eg og Margaret tok ein saman, og Mathayo kom etter på ein eigen. Me tok igjen dei i bilen, og kom fram før dei. For ein herleg tur! Eg, mellom to afrikanarar, på ein motorsykkel og fin natur med rød jord og akasietre over alt. Der pikipikien stoppa, måtte me gå den siste biten, og sekkane med rundt 12 liter vatn i tillegg til mat for fem dagar, måtte bærast over ei bru som var meir open enn tett - over elva med krokodillar i. Det var mange av dei lokale som hadde møtt opp for å ønska oss velkommen og hjelpa oss å bera, og me kom etter nokre få minuttars gåtur fram til der me skulle sova. Ei innheining av greiner frå tornebuskar med fire hytter på tomta. To av dei skulle me seks nordmenn bruka. Det var jorhytter der eg på det høgaste kunne stå, og der me låg på stråmatter i lakenposer. Tomta var full av folk, som eg først etterpå skjøna at ikkje høyrde til der, men kun var komne for å helsa på dei nye som skulle vera nokre dagar i landsbyen deira.




I tidlegare innleg har eg fortalt litt om masaiane fordi eg støtt og stadig treffer på dei her i Tanga. Vaktane me har her på TICC er masaiar, og generelt er masiar eit respektert (og kanskje frykta) folkeslag. Før måtte menna ha drept ei løva før dei kunne gifte seg, men det gjeld ikkje no lengre. Masaiane er modige og er kun redd for ein ting - vatn. For å fortelja litt meir har dei eit eiget språk, kimasai, og er opprinneleg nomadar. No bur dei i ro i fleire månadar av året, men flytter på seg i peridar når dyra ikkje har mat. Hovudsakleg har dei kyr, geiter og sauer, men verken kyra eller sauene ser norske ut. Forskjellen mellom geitene og sauene er at geitene har halen opp, og sauene halen ned. Sauene har nemleg ikkje den stor ulldotten rundt magen som i Noreg, dei er heller litt generelt "ullete" og har ein tjukk, brei hale. Det blir sagt at masaiane drikk blod og melk, men det fekk me ikkje sjå. Dei drikk i alle fall vanleg melk og et både ris og chapati (ei slags potetlefse). I barnehagealder får alle masaiar brent ein ring i kvart kinn, og det blir sagt det er status å ha tydlege ringar som eit teikn på at ein tåler smerte bra. Ellers er mange masaiar kristne, dei går i kyrkja, trur på Jesus og tar Gud med i kvardagen. Likvel er det vanleg at menna kan ha meir enn ei kone. Etter spesielle reglar med stokk utanfor hytta og ein bortreist mann, kan også konene ha fleire menn, men då ikkje som inngår i ekteskapet og berre til mannen er tilbake. Kjem mannen tilbake og det er ein stokk utanfor hytta må han vente til morgonen med å gå inn. Dette medfører jo at mine barn fort blir dine barn, men det er dei ikkje så nøye på. Har kona til ein mann blitt gravid vil ektemannen automatisk bli far til barnet, uavhengig om mannen er biologisk far eller ikkje. Kanskje ikkje så rart om eit barn ligner meir på naboen enn mannen til mora?
Me reiste opp på mandagen, var i praksis i tre dagar, og reiste tilbake fredag morgon. Praksisen var på ein klinikk med ein lege og ein sjukepleiar. Legen var kjempeflink, hyggeleg, flink i engelsk, audmjuk og villig til å læra bort. Det einaste var at ein ikkje kunne ta nokon blodprøver eller andre testar som gjorde at all diagnostisering var basert på klinisk undersøking (kva seier pasienten, kva ser legen). Dette gjorde at sikkert fleire fekk tablettar enn nødvendig og antageleg at fleire blei feildiagnostisert. Nokon måtte vidaresendast til eit sjukehus for å undersøkast vidare, men mange blei kun diagnostisert hos legen. Me fekk sjå mange forskjellige pasientar - brukket ribbebein, abcess i ryggen, gravide og folk med malaria. Masaiane har verkeleg høg smerteterskel!
Ellers var me på besøk hos Margaret og fekk middag der (ris), dansa med masiane eine kvelden (dei danser med skuldrene!), melka geiter og såg vaksinering av kuer. Mange erfaringar og inntrykk. Fleire enn kva som er lett å få ned strukturert her. Dei minste ungane byrja å grina kvar gong me kvite nerma oss. Fælt for dei, men i grunn litt morsomt for oss.