onsdag 26. oktober 2011

Eg gjekk nesten på ein SLANGE!





Eg hadde snakka swahili med ein av arbeidarane tomta (for å lera meir swahili) og gjekk saman med Shehe (swahili-kompisen/læraren min) då eg plutseleg såg ein slange mindre enn ein halv meter frå meg. Den var desverre meir redd for meg enn eg var for den, og kom seg litt lengre bort. Shehe ropa på masaiane, våre lokale helter som hjelper til med alt, og dei kom springande for å ta slangen. Den yngste av masaiane var raskast bort, og begynte å slå hardt på den. Den var visst nok ikkje farleg, og då den var svimeslått/død med kramper, fekk eg tatt mine bilete utanfor porten. Den rykka litt til då eg holdt den! Musa, masien som slo slangen, sa han ikkje hadde sett ein slange sidan juni, så dette var flaks!

søndag 23. oktober 2011

Zanzibar

Eg var nokre dagar på Zanzibar i slutten av forrige veke. Me reiste her frå tomta i ein ikkje så veldig stor båt og turen tok seks timar. Eg blei dårleg dagen før me skulle reisa og me hadde kun ei bøtte å gå på do i dersom det skulle vera behov. Eg var derfor svært usikker på om eg skulle bli med ettersom eg sikkert var på do minst ti gongar dagen før. Med div tablettar "innabords" våga eg meg med på turen, og heldigvis gjekk det fint. Fleire andre tissa på bøtta - eg slapp den store doturen:) Me hadde fint vær, og tidsfordrivet gjekk blandt anna ut på engasjert "allsong" der eg og ei til sang alt me kom på av songar - nokon av dei andre var også med inn i mellom. Det har ikkje vore så mykje synging på meg etter eg kom ned her så det var kjekt!

Denne båten reiste me med.


Då me kom fram var det rett til lands på stranda nedanfor hotellet me skulle bu på. Me budde på Kendwa, heilt nord på øya. Me hadde fine, store rom (både aircondition og vifte), himmelseng og eit bad med herlig akkustikk. På TICC er dusjen kald, så at det var varm dusj der, gjorde "sangtimen" min enda litt bedre. Tida blei stort sett bruka på stranda, i sjøen eller restauranten.




Den første dagen reiste me inn til Stone Town, men der må eg reisa tilbake til. Me fekk kun eit par timar der, og dei timane gjekk til shopping og eting. Dag to våkna me opp til ein overskya himmel, men for meg og dei fire andre som skulle dykka var det ingen problem. Det kosta 100USD for kurset Discover Scupadiving, der me først fekk informasjon og prøvde oss i vatnet nær stranda og øva på teknikkar. Me skulle blant anna kunna ta ut lufttilføringa under vatn og låna eit reservestykke hjå dykkekompisen vår. Det var litt skumlare enn eg hadde forventa, men utrulig kjekt. Etter ein pause reiste me ut i båt, 10 minuttar ut til to små øyer der den eine vart kalla Baby Zanzibar og den andre Baby baby. Baby baby-øya var sjølvsagt minst. Bak dei øyene fekk me beskjed om å tella til tre, og på "go" skulle me alle, samtidig, detta bakover frå kanten av båten - akkurat som på film. Me dykka i 43 minutt, der me stort sett var saman to og to heile tida. På det djupaste var eg 11,3 meter under overflata. Livet under vatnet var utruleg flott, men kjesla av å vera vektlaus var verkeleg fantastisk. Eg kjem sikkert til å prøva dykking att ein gong. Då me kom opp frå vatnet skein sola og me hadde fint vær resten av dagen.


Her er me klare til å kjøra ut i båten. Resten av utstyret ligger i båten.





På kvelden var det liv i restauranten, og ryktet om at afrikanarar kan dansa er definitivt sant. Nei, alle nordmenn liker ikkje å stå på ski, og heller ikkje alle afrikanarar er superflinke til å dansa. Men, wow, mange er. Dei har rytmer utan like og ledd som tilsynelatande manglar hjå nordmenn. Sangane var på swahili, og det starta med at 3 gutar dansa likt (dei sa det var ein slags linedance fra Sør -Afrika), og fleire og fleire blei med - eg og. Alle prøvde å halda tritt med det samma, og etter kvart hugsa ein rekkefølga på når ein skulle snu kva retning og kor mange steg ein skulla ta med kva fot. Utrulig kjekt.


Turen heim var tyngre enn bort. Me kjørte med vindens retning, og det blei difor lite vind på oss og svært varmt. Trur ikkje eg har sveitta så mykje nokon gong før utan å vera i rørsle. I tillegg var bølgene store og fleire blei kvalme. Det blei bedre etter kvart, og då me nærma oss land på andre sida kunne me stoppa båten og hoppa uti for å kjøla oss ned.

Me kom tilbake til lunsj, og mellom lunsj og middag (den er alltid på kvelden) sov eg heile tida. I tillegg sov eg åtte timar etter det og vakna halv sju neste morgon. Det er godt me kan ta det litt pole pole (sakte) her i afrika, når ein er sliten.


Dagens fakta: Tanga betyr sail (engelsk).

No har eg hatt to veker i praksis, og som nemnt i forrige innlegg blir ikkje alt som planlagt. Eg er no ferdig med helsesjekkane på skulen og oppfølginga der, og skal vidare til neste praksisdel. Arbeidet der er langt i frå ferdig, men jobben eg har gjort der skal andre ta over og eg skal vidare til neste prosjekt. Det er bra for at eg skal få sjå mest mogleg forskjellig og få mest mogleg erfaring. I morgon starter eg i CTC - Community and treatment Center for HIV/Aids. Eg gleder meg til å sjå noko meir, og håper eg får utfordringar der.

Før eg reiste ned til Tanzania søkte eg om å skriva bachelorprosjektet mitt her. Grunnane til at eg søkte var mange, men tanken var å berre søka for deretter å sjå om eg ønska det dersom eg skulle få tilbodet. No har eg fått tilbodet, men veit ikkje sikkert om eg skal. Eg har lyst fordi eg ønsker å skriva om noko relatert til sjukepleie her. Nokon av alternativa er barnedødelighet eller HIV/Aids -relatert. Ein av grunnane til at eg valgte sjukepleieyrket er fordi det er eit yrke eg kan jobba i utlandet med - ein treng helsepersonell over alt. Likevel tenker eg på mine venner heime og savner Kristiansand - mest MUF og Laget. Om eg tar imot tilbodet kjem eg til å vera i Kristiansand frå vårsemesterstart til slutten av februar, for deretter å vera i Tanga (samme plass som no) i 11 veker ekstra. Eg kjem nok til å venta med å bestemma meg ei stund og sjå kva eg kjem borti i praksis for å finne ut kva eg ønsker å skriva om.

For tida er eg litt sliten og bruker litt tid på dataen for å slappa av. På youtube høyrer eg på BeeGees som for meg er nyoppdaga, men som har mange kjente, fengande sangar. I dag våkna eg halv sju (våkner alltid tidlig her) og venta ein time på frukosten. Deretter låg eg i sola nokre timar med swahilibøkene mine for deretter å vaska klede. Her vasker eg alt for hand - det tar si tid. Etter det har tida gått til å slappa av, deriblant med BeeGees.

mandag 17. oktober 2011

Forandring i planane - Ein dag som lærar

Eg skal ha praksis fire dagar i veka. Me har fått beskjed om å vera klar til å bli henta kvart over åtte dei dagane, slik at me kan kjøra ti på halv ni. Ingen av dagane til no har me komt oss av gårde før tidlegast halv ni, av og til ni. I dag var også ein slik dag. Dette skjer fordi bilen som henter oss ikkje er komen til den tida, eller at nokon må ha seg litt chai (te) før me kan kjøra, eller at ein må organisera div rett før me reiser, osv. I dag blei det forandring fordi me ikkje visste om medisinmannen me skulle ha med oss kunne vera med i dag. I tillegg kunne ikkje den tidlegare nemnte nasjonale sjukepleiaren vera med fordi ho måtte vera med ein pasient på sjukehuset.

I staden for å gå på på skulen og fortsetta med oppfølging av helsesjekkane, reiste me i staden til barnehagen for å leika med borna og reinsa sår. Det blei lite sårreinsing og heller ein del leiking - eg tok meg av éit sår. Ellers skulle borna øva på skriving og alle hadde eigne små bøker der dei skulle skriva "ka, ke, ki, ko, ku". Det var dagens oppgåve. Læraren som skulle vore der kom ikkje fordi det regna så mykje til morgonen, så i staden var det to lærarstudentare som var der. Me satte oss ned saman med borna og hjalp og oppmuntra dei. Nokon klarte oppgåva lett, andre trong meir hjelp. Eg satt omringa av ungar som satt både på meg og rundt meg, prøvde å få merksemda mi og tok på håret mitt. Eg la merke til at ein av ungane ikkje skreiv noko, så eg fortalte han han måtte skrive det som stod på tavla. "Eg kan ikkje" og noko som "eg veit ikkje", var svaret eg fekk. "Prøv"sa eg og oppmuntra, men såg han ikkje klarte å lage like strekar som forma bokstavane. Då holdt me begge rundt blyanten, hans hand i mi, og skreiv bokstavane, og så prøvde han att aleine. Han klart det! Det står ein plass i Bibelen at ein sjølv blir glad når ein gjer andre glad: det stemmer:)

fredag 14. oktober 2011

Helgetur til Pangani

Forrige helg reiste eg, Obiegi og Yanne til Pangani, 1,5 timers tur sørover fra Tanga. Me reiste vekk for å sjå litt meir og for å slappa. Det regna då me kom og regna då me reiste. Ellers hadde me litt sol i midten.

God frukost: egg og bacon.


Som sagt, ein del regn. Det regner mykje her i Tanga også. Den store regntida er eigentleg på våren, men så pleier det også å vera ei lita regntid i novemer/desember. No seies det det regner meir enn det pleier å gjera i den store regntida.




God heimalaga appelsinjuice servert på bassengkanten.


Heimvegen som skulle ta 1,5 timar i buss tok i staden 5 timar. Pga alt regnet var vegen sørpete og bilane (daladalaene, samme som matatu i kenya, dvs minibuss) kom seg ikkje opp ein bakke. Alle måtte ut, og ettersom eg sklei i slippersane i tillegg til at slippersane sklei på vegen, endte det med eg gjekk barbeint oppover. Eg fekk snakka med nåken kjekke unge folk på min eigen alder som fortalte dei var studentar, så swahili fekk eg også praktisert. Me kom trygt fram.










torsdag 13. oktober 2011

Utfordringar i praksis

Første veka med praksis i Tanga har starta. Eg skal i to veker vera med på Community Health and family follow up, og denne veka har eg vore på ein barneskule for å gjennnomføra ein helsesjekk på elevane. Helsesjekken var av elevane frå første til sjette klasse, der eg var med i femte og sjette klasse. Dei var mange elevar i kvar klasse, nokon over hundre elevar. Me undersøkte blant anna alder, høgde, vekt, auger, øyrer, munn, nese, hud, anntal måltid til dagen, buforhold og familie, og om dei opplev vald.


Me henta ut ungar frå klassane i puljer på ca. 10 om gangen. Alle skulle registrerast og undersøkast. Det var mykje hudsjukdom som skabb og sopp. Ved tannsjekken såg me mange som hadde hol. Og desverre, når me spurde om dei blei slått, sa omtrent alle dei blei slått enten på skulen eller heime. Me hadde me oss tanzanianarar som tolka (samtidig som eg heile tida sa det eg klarte på swahili), der ei av tolkane i ettertid har sagt at det som overraska ho mest var heimeforholda.


Når det kom til mat var det kun nokre få heldige som åt tre måltid til dagen. Nokon fleire åt to til tre, medan dei fleste åt to og nokon hadde kun eit måltid til dagen. Då eg kom til TICC og før praksis starta, syntes eg det var alt for få måltid til dagen og alt for lang tid mellom kvart måtltid. Me har tre måltid til dagen som me får ferdig laga. I Noreg et eg ofte fem, av og til seks måltid til dagen. I går fann eg ut eg skulle ha med meg mat i praksis, som eg sjølv hadde kjøpt til mellomåltid, for å ikkje vera for sliten resten av dagen (dei som kjenner meg godt veit eg får både vondt i hovudet og at humøret synker). Eg var oppmerksom på at eg ikkje skulle ete foran borna og snudde ryggen til der borna eventuelt kunne dukke opp. Eg åt litt, men skjønte fort at ungane såg maten min. Eg gjekk då bak ein skillevegg av opphengt laken for å skjerma meg litt. Eg veit eg ikkje kan gi mat til ein av ungane fordi det då blir urettferdig ovanfor dei andre. Eg veit også at eg har penger til mat for meg sjølv, og meir, men ikkje nok penger til mat til alle. Ja, det er dumt at livet er urettferdig, men for å klara seg her nede kan ein ikkje få dårleg samvit fordi ein ikkje deler med alle som spør ein om mat. Dersom nokon var i livsnaud gir ein sjølvsagt mat og drikke til dei, men ellers må ein jobba med eit langsiktig blikk på situasjonen. Ein av tinga TICC har gjort er å starta opp med ein banan kvar dag til kvar elev. Eit lite tiltak, men svært viktig. Korleis skal borna læra dersom dei ikkje har fått påfyll av energi?

Det er fornuften som talar når eg seier eg ikkje kan la meg sjølv få dårleg samvit for å eta (sjølvsagt utan å vise det til alle), ikkje nødvendigvis ei beskriving av korleis eg faktisk tenker. Dette fordi det i røynda gjer vondt å vita kvifor situasjonen er slik den er. Borna fortel dei ikkje et fordi dei ikkje har pengar, og grunnen til det att er i nokre tilfeller fordi læraren ulovleg krev pengar for undervisninga. Det er også vanskeleg fordi det her er snakk om menneskeliv, om enkeltmennesker eg kan utgjera ein forskjell for ved å unngå regelen om å ikkje gi til ein, fordi alle då vil komma springande.


Eg sit også med tankar om at me kanskje gir ungane for mykje håp. Her bruker me deira skuletid for å sjekka helsa deira, notera kva som ikkje er så bra som det burde, for deretter å skulle følga opp dei som treng hjelp. Me har kun så vidt starta med oppfølginga, og kor mange av dei som faktisk blir fulgt opp, veit eg ikkje. Nokon tar me oss av sjølv, som sårstell, gje såpe og informasjon om hygiene. Nokon sender me til ei utruleg flink, nasjonal sjukepleiar me har jobba saman med her. Ho tok seg av den psykiske sjukepleien som gjekk på heimeforhold. Andre igjen må me ta med oss til legen eller sende til tannlegen. Ein tannklinikk i nærleiken har sagt dei skal gje gratis hjelp til dei som ikkje har moglegheit til å betala sjølv.



Eg møter mange etisk utfordringar i denne praksisen. Store og vanskelege, helsefaglege og personlege, utfordringar. Eg vil likevel påpeika at ikkje alt er negativt. Då eg utanom spørreundersøkingane spurde ungane kva dei lika å gjera (unapenda kufanya nini?), svarte mange dei lika å lesa og mange sa dei lika skulen. Så fantastisk! Eg har møtt mykje vanskeleg, men mange ungar er også smilande og nyskjerrige.


På bilete nedanfor leiker eg med ein av ungane som var i skulegården, men som framleis ikkje hadde byrja på skulen.



mandag 10. oktober 2011

Sykkeltur i landsbyen








Forrige veke var me på sykkeltur i landsbyen her for å bli litt kjent i området. Sykkelturen gjekk eit stykke på ein liten sand- og jordsti blant smilande landsbybuarar, kyr, geiter og høner. Ein av masaiane frå TICC var med oss og viste vegen. Det er samme om ein kjenner folk eller aldri har sett dei før. Alle seier ein "habari" til, og alle svarer "nzuri", "salama" eller lignande.



mandag 3. oktober 2011

Første veka i Tanzania

Porten inn til TICC. Slik ser rommet mitt ut.






Dette er restauranten/matsalen. Her får me frukost (cornflakes eller brød), varm lunsj og varm kveldmiddag.



Til venstre har me eit treningsrom og til høgre ei masasjeseng.





Første veka har gått med til swahilikurs, generell informasjon og det å bli kjent rundt med daladala (lokaltransport, dvs liten minibuss) og landsbyen.


I morgon starter praksis. Me er ni norske studenter fra UiA og er delt inn i grupper på tre og tre. Mi gruppe starter i morgon opp med Community Health and Family Follow-Up. Til no har det vore ganske rolig å vera her, men eg rekner med dei neste vekene blir innholdsrike og utfordrande.

søndag 2. oktober 2011

Back in Africa

Eg kom fram til Tanga International Conference Center (heretter TICC) i går etter meir enn 27 timars reise. 3 ulike fly(selskap) inkluderte mellomlanding/bytting av fly i Amsterdam, Nairobi, Zanzibar (var kun inni samme fly) og til slutt Dar Es Salam. Så rundt 8 timars kjøretur til Tanga.
Her er da fantastisk fint. Dagen i dag blei brukt til båttur ut til ein "sandbank" som dukka opp ettersom lågvatnet kom. Omringa av det turkise Indiske Hav og kvit sand, og stort sett ikkje fleire aktivitetar enn soling, bading og snorkling er jo eit privilegium for ein nordmann i oktober. Likevel var da kjekkaste å prøva seg på swahili med ein av dei som jobber på tomta. I morgon skal me ha informasjon om opphaldet og starta på swahilikurs. Eg gleder meg.