Første veka med praksis i Tanga har starta. Eg skal i to veker vera med på Community Health and family follow up, og denne veka har eg vore på ein barneskule for å gjennnomføra ein helsesjekk på elevane. Helsesjekken var av elevane frå første til sjette klasse, der eg var med i femte og sjette klasse. Dei var mange elevar i kvar klasse, nokon over hundre elevar. Me undersøkte blant anna alder, høgde, vekt, auger, øyrer, munn, nese, hud, anntal måltid til dagen, buforhold og familie, og om dei opplev vald.
Me henta ut ungar frå klassane i puljer på ca. 10 om gangen. Alle skulle registrerast og undersøkast. Det var mykje hudsjukdom som skabb og sopp. Ved tannsjekken såg me mange som hadde hol. Og desverre, når me spurde om dei blei slått, sa omtrent alle dei blei slått enten på skulen eller heime. Me hadde me oss tanzanianarar som tolka (samtidig som eg heile tida sa det eg klarte på swahili), der ei av tolkane i ettertid har sagt at det som overraska ho mest var heimeforholda.
Når det kom til mat var det kun nokre få heldige som åt tre måltid til dagen. Nokon fleire åt to til tre, medan dei fleste åt to og nokon hadde kun eit måltid til dagen. Då eg kom til TICC og før praksis starta, syntes eg det var alt for få måltid til dagen og alt for lang tid mellom kvart måtltid. Me har tre måltid til dagen som me får ferdig laga. I Noreg et eg ofte fem, av og til seks måltid til dagen. I går fann eg ut eg skulle ha med meg mat i praksis, som eg sjølv hadde kjøpt til mellomåltid, for å ikkje vera for sliten resten av dagen (dei som kjenner meg godt veit eg får både vondt i hovudet og at humøret synker). Eg var oppmerksom på at eg ikkje skulle ete foran borna og snudde ryggen til der borna eventuelt kunne dukke opp. Eg åt litt, men skjønte fort at ungane såg maten min. Eg gjekk då bak ein skillevegg av opphengt laken for å skjerma meg litt. Eg veit eg ikkje kan gi mat til ein av ungane fordi det då blir urettferdig ovanfor dei andre. Eg veit også at eg har penger til mat for meg sjølv, og meir, men ikkje nok penger til mat til alle. Ja, det er dumt at livet er urettferdig, men for å klara seg her nede kan ein ikkje få dårleg samvit fordi ein ikkje deler med alle som spør ein om mat. Dersom nokon var i livsnaud gir ein sjølvsagt mat og drikke til dei, men ellers må ein jobba med eit langsiktig blikk på situasjonen. Ein av tinga TICC har gjort er å starta opp med ein banan kvar dag til kvar elev. Eit lite tiltak, men svært viktig. Korleis skal borna læra dersom dei ikkje har fått påfyll av energi?
Det er fornuften som talar når eg seier eg ikkje kan la meg sjølv få dårleg samvit for å eta (sjølvsagt utan å vise det til alle), ikkje nødvendigvis ei beskriving av korleis eg faktisk tenker. Dette fordi det i røynda gjer vondt å vita kvifor situasjonen er slik den er. Borna fortel dei ikkje et fordi dei ikkje har pengar, og grunnen til det att er i nokre tilfeller fordi læraren ulovleg krev pengar for undervisninga. Det er også vanskeleg fordi det her er snakk om menneskeliv, om enkeltmennesker eg kan utgjera ein forskjell for ved å unngå regelen om å ikkje gi til ein, fordi alle då vil komma springande.
Eg sit også med tankar om at me kanskje gir ungane for mykje håp. Her bruker me deira skuletid for å sjekka helsa deira, notera kva som ikkje er så bra som det burde, for deretter å skulle følga opp dei som treng hjelp. Me har kun så vidt starta med oppfølginga, og kor mange av dei som faktisk blir fulgt opp, veit eg ikkje. Nokon tar me oss av sjølv, som sårstell, gje såpe og informasjon om hygiene. Nokon sender me til ei utruleg flink, nasjonal sjukepleiar me har jobba saman med her. Ho tok seg av den psykiske sjukepleien som gjekk på heimeforhold. Andre igjen må me ta med oss til legen eller sende til tannlegen. Ein tannklinikk i nærleiken har sagt dei skal gje gratis hjelp til dei som ikkje har moglegheit til å betala sjølv.
Eg møter mange etisk utfordringar i denne praksisen. Store og vanskelege, helsefaglege og personlege, utfordringar. Eg vil likevel påpeika at ikkje alt er negativt. Då eg utanom spørreundersøkingane spurde ungane kva dei lika å gjera (unapenda kufanya nini?), svarte mange dei lika å lesa og mange sa dei lika skulen. Så fantastisk! Eg har møtt mykje vanskeleg, men mange ungar er også smilande og nyskjerrige.
På bilete nedanfor leiker eg med ein av ungane som var i skulegården, men som framleis ikkje hadde byrja på skulen.