fredag 11. november 2011

Min swahili-kamerat





Dette er Shehe. Han bur i byen her i Tanga og jobber på TICC. Dei dagane han er på jobb og eg ikkje er ute og reiser, snakker me ilag på ettermiddagane for at eg skal bli flinkare i swahili. Det går framover med swahilien min, eg er definitivt mykje flinkare enn då eg kom hit, men dess meir enn kan av eit språk, dess meir ser ein vel at ein ikkje kan - før eit visst punkt. Han er verkeleg oppmuntrande, "Sema, ninaweza" (Sei, eg kan) og vil at eg skal bli flinkare. Når eg kjem med nye gloser og formuleringar eg ikkje har lært av han, ler han godt, og når eg seier feil blir eg retta på.








Til no kan eg sei ein del av det eg ynskjer å sei når eg møter folk, men kjenner at tida går fort her og at eg håper læringskurva fortsetter slik den har vore til no. Eg hadde gløymt kor tidkrevande og energikrevande det er å læra eit nytt språk. Det meste av grammatikken kan eg, men eg møter dagleg på ord eg ikkje kan fra før.




For den oppmerksame lesaren (er forresten kjekt å sjå kor mange som er innom bloggen min!) som ser eg har forandra namnet på bloggen min, kjem det av at eg har lært meir swahili og funnet ut at overskrifta eg har no er meir rett :)

søndag 6. november 2011

17 timers fletting - ekskludert pauser

Bestillinga var rastafletter, og eg hadde høyrt masaiane på tomta kunne flette. Me avtala tid og stad, men straks etter dei byrja såg me dei ikkje dreiv med fletting, men tvinning! Ok, tenkte eg. Masai-fletter er greit, det og. Sist eg hadde fletter bruka eg 5 timar, og syntes då det tok kjempelang ting. At det skulle ta så lang tid som det gjorde, ante eg ikkje på førehand. Ein liten detalj eg hadde gløymt å spørja om. Jo lengre dei holdt på, dess vondare blei det. Til tross for langvarig smerte var det stemning med masai-song (sikkert sånn du tenker deg ein veldig tradisjonell afrikansk song med fleire stemmer, men likevel noko som kun kan erfarast). Med mykje ekstra hår og lite av mitt hår i kvar flette, blei det tredobbelt så tjukt som det er til vanleg. Her er før-, under og etter-bilder av flettinga.










Eg og Janne blei fletta samtidig.






fredag 4. november 2011

Nokre dagar på mor-barn-avdeling i praksis

Ja, eg er faktisk i Tanzania for praksis, ikkje for ferie. Me har reist mykje dei første helgene og difor har eg skrevet mykje om opplevelsar der ifrå. I praksis eg har vore forskjellige plassar og sett mykje forskjellig, men eg har også ikkje alltid vore like fornøgd med utbyttet av praksisen. Eg vil jo sjølvsagt læra mykje og ikkje alle plassar har eg kjend utbyttet har vore så stort. Det er den siste tida som ikkje har vore så bra som eg håpa, men dei tre siste dagane har eg vore ein ny plass der det har vore veldig bra. Eg er på sjukehuset på ei avdeling (ein klinikk eigentleg) for mødre og born. Første dagen me var der kom kun mødre med HIV, der eg lærte ein del om korleis dei kunne forhalda seg til sjukdommen i forhold til graviditeten, eller barnet, dersom dei hadde fødd. HIV kan smitte frå mor til barn enten før fødselen, i løpet av fødselen, eller etter fødselen. Etter fødselen kan HIV smitte via brystmelka, og me blei fortalt borna blei testa om dei var HIV-positive ein mnd etter fødselen. Likevel såg me mange mødre som amma borna før borna var blitt testa, medan dei var på klinikken. Me spurte litt om kor stort sannsynet var for at borna skulle bli smitta, men fekk forskjellige tal på dette. Legen me snakka med sa det var 20-30% sannsyn for at borna blei smitta (har ikkje sjekka dette talet – ei anna me spurte sa noko heilt anna), men sa det likevel var vanleg at mødrene amma. Alternativet er morsmelkerstatning, noko mange ikkje har råd til. I tillegg er det tabubelagt å ikkje amme babyen sin. Då vil jo folk lure på kvifor dei ikkje ammer, og å fortelle at ein har HIV, det er også tabu. Fordelene med amming er jo også mange, bornet får nok næring, bornet får antistoffer via melka frå mora i tillegg til fysisk nærkontakt. Ein av blanding av dette gjer at mødrene blir anbefalt å amma – til tross for stor fare for at bornet også skal få HIV.
Dag to var me med å undrsøkte mødrene som var gravide. Av ting me gjorde var å måla storleiken på magen og me fekk kjenna på magen korleis babyen låg og høyre hjartelyden. Eg syntes det nesten var umogleg å høyra hjartelyden, men sjukepleiaren som viste oss høyrte det godt. Eg fekk også kjenne når babyen sparka – kult! Etter undersøkinga fekk mødrene vitaminer og andre tablettar, nokre skulle hjelpe mot makk i magen, andre som forebyggande mot anemi og malaria.
Me blei svært godt mottatt på denne avdelinga. Dei som jobba der var svært hyggelige og fortalte mykje, og enda meir då me spurte om ting. Eg ser også korleis mange lyser opp når ein snakker det ein kan på swahili. Dei som har utdanning kan engelsk, men ikkje alle andre forstår så mykje alltid, så då er det spesielt kjekt å kunna nokre gloser.

onsdag 2. november 2011

Eg lager lister

Dette liker eg med livet i Afrika no:
- at det er mørkt tidlig og at det er lett å legga seg tidlig og stå opp tidlig
- sola
- at ein helser og snakker med nesten alle ein møter
- at folk er utrulig hyggelige her
- alle lydane - fuglekvitter, palmesus og bushbabyer
-swahili
-synging på langtur

Dette savner eg heimanifrå:
- alle eg er glad i - familie og venner (Ja, du som leser!)
- meir kristent fellesskap
- norsk vatn
- MUF, Laget, KIA-koret
- å kunna gå ute aleine, å ikkje alltid måtta vera to for å gå utanfor porten
- gitaren og sangbøker


Her er bilder frå dagen då me reiste på Safari. Me fant ein gigantisk snegle - like høg som breidda på handa mi!



tirsdag 1. november 2011

Dyrene i Afrika

Eg var på Safari i helga. Ingen Afrika uten dyr! Me reiste 6 timer sørover, men litt inn i landet, til Mikumi. Eg har vore på safari før, men det som var heilt spesielt her var at det ikkje var nokon skiller mellom dyra og menneska. Ja, du las rett - INGEN hindringer. Me budde i hytter, og for å komma frå hytta til restauranten måtte me gå ute på ein sti - og ingenting skilte stien frå dyra. På kvelden då det var mørkt fulgte ein masai oss (nokon masiaer må drepe ei løve for å bestå ein manndomstest - og fleire har faktisk gjort det). Eg spurte masaien om løvene nokon gong kom heilt opp til stien eller om han trudde dei blei redde for lyset. Kvelden før hadde det vore ei løve der, fortalte han, så difor lysa han litt ekstra rundt stien. Ein morgon var det store, brune klumpar rett utanfor hytta vår - eg trur dei kom frå ein bøffel. Det er viktig å respektera at dyra faktisk er rovdyr, ikkje kosedyr, men det gav i alle fall turen ein spesiell stemning!


Om du vil ha stemningsmusikk til bildene, trykk her:

















onsdag 26. oktober 2011

Eg gjekk nesten på ein SLANGE!





Eg hadde snakka swahili med ein av arbeidarane tomta (for å lera meir swahili) og gjekk saman med Shehe (swahili-kompisen/læraren min) då eg plutseleg såg ein slange mindre enn ein halv meter frå meg. Den var desverre meir redd for meg enn eg var for den, og kom seg litt lengre bort. Shehe ropa på masaiane, våre lokale helter som hjelper til med alt, og dei kom springande for å ta slangen. Den yngste av masaiane var raskast bort, og begynte å slå hardt på den. Den var visst nok ikkje farleg, og då den var svimeslått/død med kramper, fekk eg tatt mine bilete utanfor porten. Den rykka litt til då eg holdt den! Musa, masien som slo slangen, sa han ikkje hadde sett ein slange sidan juni, så dette var flaks!

søndag 23. oktober 2011

Zanzibar

Eg var nokre dagar på Zanzibar i slutten av forrige veke. Me reiste her frå tomta i ein ikkje så veldig stor båt og turen tok seks timar. Eg blei dårleg dagen før me skulle reisa og me hadde kun ei bøtte å gå på do i dersom det skulle vera behov. Eg var derfor svært usikker på om eg skulle bli med ettersom eg sikkert var på do minst ti gongar dagen før. Med div tablettar "innabords" våga eg meg med på turen, og heldigvis gjekk det fint. Fleire andre tissa på bøtta - eg slapp den store doturen:) Me hadde fint vær, og tidsfordrivet gjekk blandt anna ut på engasjert "allsong" der eg og ei til sang alt me kom på av songar - nokon av dei andre var også med inn i mellom. Det har ikkje vore så mykje synging på meg etter eg kom ned her så det var kjekt!

Denne båten reiste me med.


Då me kom fram var det rett til lands på stranda nedanfor hotellet me skulle bu på. Me budde på Kendwa, heilt nord på øya. Me hadde fine, store rom (både aircondition og vifte), himmelseng og eit bad med herlig akkustikk. På TICC er dusjen kald, så at det var varm dusj der, gjorde "sangtimen" min enda litt bedre. Tida blei stort sett bruka på stranda, i sjøen eller restauranten.




Den første dagen reiste me inn til Stone Town, men der må eg reisa tilbake til. Me fekk kun eit par timar der, og dei timane gjekk til shopping og eting. Dag to våkna me opp til ein overskya himmel, men for meg og dei fire andre som skulle dykka var det ingen problem. Det kosta 100USD for kurset Discover Scupadiving, der me først fekk informasjon og prøvde oss i vatnet nær stranda og øva på teknikkar. Me skulle blant anna kunna ta ut lufttilføringa under vatn og låna eit reservestykke hjå dykkekompisen vår. Det var litt skumlare enn eg hadde forventa, men utrulig kjekt. Etter ein pause reiste me ut i båt, 10 minuttar ut til to små øyer der den eine vart kalla Baby Zanzibar og den andre Baby baby. Baby baby-øya var sjølvsagt minst. Bak dei øyene fekk me beskjed om å tella til tre, og på "go" skulle me alle, samtidig, detta bakover frå kanten av båten - akkurat som på film. Me dykka i 43 minutt, der me stort sett var saman to og to heile tida. På det djupaste var eg 11,3 meter under overflata. Livet under vatnet var utruleg flott, men kjesla av å vera vektlaus var verkeleg fantastisk. Eg kjem sikkert til å prøva dykking att ein gong. Då me kom opp frå vatnet skein sola og me hadde fint vær resten av dagen.


Her er me klare til å kjøra ut i båten. Resten av utstyret ligger i båten.





På kvelden var det liv i restauranten, og ryktet om at afrikanarar kan dansa er definitivt sant. Nei, alle nordmenn liker ikkje å stå på ski, og heller ikkje alle afrikanarar er superflinke til å dansa. Men, wow, mange er. Dei har rytmer utan like og ledd som tilsynelatande manglar hjå nordmenn. Sangane var på swahili, og det starta med at 3 gutar dansa likt (dei sa det var ein slags linedance fra Sør -Afrika), og fleire og fleire blei med - eg og. Alle prøvde å halda tritt med det samma, og etter kvart hugsa ein rekkefølga på når ein skulle snu kva retning og kor mange steg ein skulla ta med kva fot. Utrulig kjekt.


Turen heim var tyngre enn bort. Me kjørte med vindens retning, og det blei difor lite vind på oss og svært varmt. Trur ikkje eg har sveitta så mykje nokon gong før utan å vera i rørsle. I tillegg var bølgene store og fleire blei kvalme. Det blei bedre etter kvart, og då me nærma oss land på andre sida kunne me stoppa båten og hoppa uti for å kjøla oss ned.

Me kom tilbake til lunsj, og mellom lunsj og middag (den er alltid på kvelden) sov eg heile tida. I tillegg sov eg åtte timar etter det og vakna halv sju neste morgon. Det er godt me kan ta det litt pole pole (sakte) her i afrika, når ein er sliten.