Denne båten reiste me med.
Då me kom fram var det rett til lands på stranda nedanfor hotellet me skulle bu på. Me budde på Kendwa, heilt nord på øya. Me hadde fine, store rom (både aircondition og vifte), himmelseng og eit bad med herlig akkustikk. På TICC er dusjen kald, så at det var varm dusj der, gjorde "sangtimen" min enda litt bedre. Tida blei stort sett bruka på stranda, i sjøen eller restauranten.
Den første dagen reiste me inn til Stone Town, men der må eg reisa tilbake til. Me fekk kun eit par timar der, og dei timane gjekk til shopping og eting. Dag to våkna me opp til ein overskya himmel, men for meg og dei fire andre som skulle dykka var det ingen problem. Det kosta 100USD for kurset Discover Scupadiving, der me først fekk informasjon og prøvde oss i vatnet nær stranda og øva på teknikkar. Me skulle blant anna kunna ta ut lufttilføringa under vatn og låna eit reservestykke hjå dykkekompisen vår. Det var litt skumlare enn eg hadde forventa, men utrulig kjekt. Etter ein pause reiste me ut i båt, 10 minuttar ut til to små øyer der den eine vart kalla Baby Zanzibar og den andre Baby baby. Baby baby-øya var sjølvsagt minst. Bak dei øyene fekk me beskjed om å tella til tre, og på "go" skulle me alle, samtidig, detta bakover frå kanten av båten - akkurat som på film. Me dykka i 43 minutt, der me stort sett var saman to og to heile tida. På det djupaste var eg 11,3 meter under overflata. Livet under vatnet var utruleg flott, men kjesla av å vera vektlaus var verkeleg fantastisk. Eg kjem sikkert til å prøva dykking att ein gong. Då me kom opp frå vatnet skein sola og me hadde fint vær resten av dagen.
Her er me klare til å kjøra ut i båten. Resten av utstyret ligger i båten.
På kvelden var det liv i restauranten, og ryktet om at afrikanarar kan dansa er definitivt sant. Nei, alle nordmenn liker ikkje å stå på ski, og heller ikkje alle afrikanarar er superflinke til å dansa. Men, wow, mange er. Dei har rytmer utan like og ledd som tilsynelatande manglar hjå nordmenn. Sangane var på swahili, og det starta med at 3 gutar dansa likt (dei sa det var ein slags linedance fra Sør -Afrika), og fleire og fleire blei med - eg og. Alle prøvde å halda tritt med det samma, og etter kvart hugsa ein rekkefølga på når ein skulle snu kva retning og kor mange steg ein skulla ta med kva fot. Utrulig kjekt.
Turen heim var tyngre enn bort. Me kjørte med vindens retning, og det blei difor lite vind på oss og svært varmt. Trur ikkje eg har sveitta så mykje nokon gong før utan å vera i rørsle. I tillegg var bølgene store og fleire blei kvalme. Det blei bedre etter kvart, og då me nærma oss land på andre sida kunne me stoppa båten og hoppa uti for å kjøla oss ned.
Me kom tilbake til lunsj, og mellom lunsj og middag (den er alltid på kvelden) sov eg heile tida. I tillegg sov eg åtte timar etter det og vakna halv sju neste morgon. Det er godt me kan ta det litt pole pole (sakte) her i afrika, når ein er sliten.




Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar